KORONAVIRUSET
Leserbrev fra Voss Lyd: Kjære vener, artistar, samarbeidspartnarar og publikum!

No treng me lyd i mikrofonen! skriver Yngve Høyland fra Voss Lyd AS.
Voss Lyd leverer scenetekniske løysingar til nærast alle konsertar, teater, revyar, sportsarrangement, konferansar og liknande tilstelningar på Voss og i regionen rundt oss. På eit normalår bidreg me til avviklinga av omlag 300 små og store arrangement lokalt. Nokre av desse er næringsarrangement, men dei aller fleste er kulturarrangement i regi av dei mange lokale kulturinstitusjonane våre. No er det tøft for både oss og kundane våre.
Heile vårt virke handlar om å laga gode opplevingar der folk samlast. Me er der på dei store festivalane, og me er der på dei store sportsarrangementa – men me er der også når dei minste ungane i kulturskulen skal spela for publikum for fyrste gong i livet. Me er ei lita og lokal bedrift, me eig oss sjølve og har ingen pengesterke investorar i ryggen som kan redde oss i ein situasjon som denne.

Yngve Høyland er produksjonsleder hos Voss Lyd. Foto: Privat.
Det er nettopp fordi me er små, sjølvstyrte og fleksible at me kan leika «Robin Hood» og gje ekstra gode vilkår til ideelle tilstelningar og små arrangement utan kommersiell verdi. Me ser dei store kulturelle verdiane i grasrota og lokalmiljøet rundt oss, og støtter opp under det lokale kulturlivet så godt me kan.

Nå står bilene til Voss Lyd stille … Foto: Voss Lyd.
Når forbodet mot arrangement som samlar mange folk på ein stad vart innført for å hindre smitte, forsvann også heile driftsgrunnlaget vårt. No står me heilt utan inntekter på ubestemt tid. Enn så lenge varar forbodet ut april, men me reknar det no som høgst sannsynleg at alle inntekter fram til september 2020 går tapt. FHI sine prognoser spår at toppen av koronaepidemien kjem i mai-juni, og me reknar det difor som usannsynleg at forbodet ikkje vil bli forlenga også ut i festivalsesongen. Me merkar også stor uro blandt konsertarrangørane, som naturlegvis ikkje tør å planlegge nye arrangement før seint ut på hausten.
Ha det heilt klart – me støttar dei tiltaka som no er sette i verk for å begrense spredning av koronaviruset fullt. Liv og helse er viktigare enn alt anna, og me tek gjerne vår del av dugnaden. For oss og våre tilsette så blir likevel dette meir dramatisk enn det vil bli for dei fleste andre.

Bransjeforeningen for sceneteknisk produksjon (BFSP) har laget en egen logo som medlemmene nå bruker på Facebook.
Voss Lyd står no samla med ein heil bransje som har blitt fråteken levebrødet sitt over natta. Koronaviruset kom som lyn frå klar himmel og på verst tenkeleg tidspunkt no like før festivalsesongen. Alle offentlege arrangement er avlyste, og situasjonen er kritisk for heile kultursektoren. Saman med dei andre i bransjen og kulturlivet ellers er me heilt avhengige av at staten er rause og fleksible og kjem med målretta tiltak som virkar. Dei tiltaka som regjeringa la fram i dag 13/3 vil ikkje vera nok til å berge bransjen vår.
Både vår verksemd og andre verksemder i kultursektoren har høgsesong i frå april til september. Det er i denne perioden me har høgast aktivitet og mest inntekter, og det er då me har sjansen til å bygga oss opp reservar som held oss levande gjennom vintermånadane.
Sjølv om me kunne ha starta med blanke ark i september, så ville me høgst truleg ikkje klare å overleve vinteren.

Difor er det heilt avgjerande at tiltaka som staten legg fram tek høgde for dette. Kutt av arbeidsgjevarkostnader no i kriseperioden er bra, og tilgang på auka likviditet vil hjelpe mellombels – men for at me skal overleve på sikt så er me avhengige av å få dekka dei tapa som me no må ta når høgsesongen mest truleg forsvinn. Me jobbar hardt saman med dei andre i bransjen vår og Virke for at regjeringa skal forstå situasjonen vår og få på plass dei rette tiltaka.
Me oppfordrar alle til iherdig kjøp av billettar til framtidige arrangement, støtt dei lokale kulturinstitusjonane rundt deg og ver bevisst på at kultursektoren treng støtte både på kort og lang sikt for å komme seg på beina. Me har alle ein rolle i kulturlivet, anten det er profesjonelt eller som forelder til ein sjuåring på kulturskulekonsert.
Me ber no instendig om at lokale politikarar, kulturtopppar, næringsliv og publikum trykker på knappane sine for oss, slik me har trykt på knappane våre for dykk dei siste 20 åra. Hjelp oss å redde bransjen vår.
Yngve Høyland
Produksjonsleiar
VOSS LYD AS

Yngve Høyland er produksjonsleder hos Voss Lyd. Foto: Privat.
-
MESSE4 måneder siden
– De kan ikke eller tør ikke ta tak i det! (+)
-
DRIFT1 uke siden
Mistet lokal kjempekontrakt til CT – må permittere halve staben (+)
-
LEVERANDØR2 måneder siden
CT slutter med salg – de ansatte starter eget firma (+)
-
LLB 20254 måneder siden
Slik har interessen for LLB aldri vært tidligere (+)
-
LLB 20251 måned siden
LLB 2025: Noen overraskelser i sikte (+)
-
BEDRIFTSBESØK4 måneder siden
Samme visjon i nye lokaler (+)
-
NYTT OM NAVN2 måneder siden
Rambøl ga seg i Yamaha: – På tide å finne nye utfordringer (+)
-
MESSE4 måneder siden
«Hele AV-Norge» gikk mann av huse for å kappkjøre gokart for sjuende år på rad: «Dette har absolutt ønsket effekt!» sier salgssjefen (+)